Menneska vi aldri forstod
Vi mista noko heilt essensielt da vi valde å legge menneske som Vidkun Quisling og Henry Rinnan bak oss. I haust prøver vi igjen å skjønne kven dei to forrædarane var.
PROVOSERT: Quisling blir portrettert i Erik Poppes film «Quislings siste dager», og Henry Rinnan er hovedpersonen i Nikolai Frobenius sin nye roman, «Rasende lys». Den boka har vore ei av bøkene eg har sett mest fram til å lese i år. Derfor vart eg overraska over kor provosert eg vart under lesinga.
Wikipedia
Kan vi hate eit menneske så sterkt at vi ikkje lenger forstår at dette mennesket også var ein av oss?
Svaret på det er eit rungande ja.
I den norske kulturen finnast det knapt avtrykk av våre mest forhatte menn (med unntak av historiske verk og biografiar). Om terroristen frå Utøya allereie har blitt portrettert på film og i tv-serie, har dei to kjente landssvikarane Vidkun Quisling og Henry Rinnan så og seie vore fullstendig borte, både frå det store lerretet og frå dei skjønnlitterære bøkene.
Bestill abonnement her
KJØP