Listhaug blas valkampen i gong med hundefløyta
Frp-leiar Sylvi Listhaug gjekk til frontalåtak på politimeisteren i Oslo under partiets valkampopning torsdag. Igjen ser målet ut til å vere å tenne fyr på valkampen med innvandringskortet.
TRIKS: Så lenge flyktningkrisa er europeisk og innvandringsdebatten daud, grip ho fast i det eine halmstrået ho har igjen: ungdom med innvandrarbakgrunn som slost på Ekebergsletta, skriv kommentator Emil André Erstad.
Erlend Berge
Foreløpig har ikkje Sylvi Listhaug klart å gjenreise Frp etter regjeringsperioden med verken snakk om lågare skattar, mindre avgifter, straumprisar, dyrtid, ein ytre fiende i Russland eller klimamotstand. Frp-leiaren har tidlegare vist å berre verkeleg meistre eit triks: innvandringsmotstand.
Masseslagsmålet under Norway Cup
Det var grunnen til at ein stor del av talen ho heldt på partiets valkampopning, handla om masseslagsmålet under Norway Cup.