Latskaps-demokratiet

Det virtuelle demokratiet er eit latskaps-demokrati. Derfor treng vi fleire av Christian Tybring-Gjeddes kaliber.

lk
POLITIKK: Christian Tybring-Gjedde gjorde meir enn å fnyse av det han var mot. Han engasjerte seg i dei institusjonane som forandrar verda. At han har forandra verda i ei anna retning enn eg sjølv kjempa for, understrekar poenget, skriv kommentator Emil André Erstad.
Publisert Sist oppdatert

Ta ansvar! Ja, du! Du som på sosiale medium er oppteken av å vise kor moralsk overlegen du er andre menneske. Du som postar riktige ting om riktige tema til riktig tidspunkt. Du som puttar korrekt logo eller emblem i profilbiletet ditt. Du forandrar ikkje verda ved å dele ting i story.

Det kostar knapt ein kalori å poste «all eyes on Gaza»-bilete på Instagram. Å melde seg inn eit parti, ein organisasjon, ei fagrørsle, eller gå på partimøte, organisere seg på gamlemåten, skrive referat, lage sakslister, skrive forslag og jobbe for kjedelege kompromiss – det er ting som kostar kaloriar, seine kveldar og ekte engasjement.

Politikk på gamlemåten

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS