La også dei fattige barna bli med
Sjå for deg ein gut som heiar på Erling Haaland og vil bli best i verda i fotball når han blir stor. Og så har ikkje foreldra hans råd til å melde han inn i den lokale fotballklubben.
FATTIGDOM I NOREG: Guten og jenta har stjerner i blikket. Dei har draumar. Som blir knuste før avspark. Foreldra deira har ikkje råd til å melde dei inn i den lokale fotballklubben, skriv Alf Kjetil Walgermo.
Ørn E. Borgen
Kommentaren er oppdatert etter publisering.
I det siste har eg tenkt mykje på korleis samfunnet sakte rivnar i to. Den eine delen klarer seg greitt. Straumen tek regjeringa seg av, lånet er til å leve med trass galopperande renter og matvareprisane er framleis fordøyelege.
Den andre delen slit, kanskje utan å ville innrømme det. Summen som kjem inn på konto kvar månad er så vidt nok til å få hjula til å gå rundt. Alle ekstrautgifter blir ei utfordring, og ikkje ei utfordring av den gøyale Mesternes mester-sorten. Nødvendig utstyr til heimen blir sett på vent til fordel for rein overleving.
Bestill abonnement her
KJØP