Kyrkja som ikkje såg naturbarna i augehøgde

Ein fersk australsk film tematiserer eit problem som følgjer kyrkjer over heile verda. Den norske kyrkja må snart ta eit generaloppgjer med den uretten som er blitt utøvd mot urfolka i landet vårt.

Den australske filmen «The New Boy», med Cate Blanchett og Aswan Reid i hovudrollene, er eit relevant innspel i den pågåande samtalen om korleis Den norske kyrkja har handsama minoritetane her til lands.
RELEVANT: Den australske filmen «The New Boy», med Cate Blanchett og Aswan Reid i hovudrollene, er eit relevant innspel i den pågåande samtalen om korleis Den norske kyrkja har handsama minoritetane her til lands. Tida burde vere moden for eit definitivt oppgjer med gammal urett, skriv Alf Kjetil Walgermo.
Publisert Sist oppdatert

Kor lenge må samar, kvenar og skogfinnar i Noreg vente på å få ei ordentleg, offisiell unnskyldning frå Den norske kyrkja? Det er heva over all tvil at kyrkja spelte ei viktig rolle i den såkalla fornorskingspolitikken, og eit forsoningsarbeid har vore i gang i lengre tid. Allereie i 1997 erkjente Kyrkjemøtet at kyrkja hadde skapt sår ved å diskriminere samane, men framleis er det ikkje komme eit definitivt oppgjer med den uretten som kyrkja påførte norske urfolk.

Då den norske Sannings- og forsoningskommisjonen leverte rapporten sin til Stortinget i fjor sommar, gjekk det klart fram at Den norske kyrkja har eit klart ansvar for å erkjenne medverknad, ta eit oppgjer med uretten kyrkja var med på å utøve og bidra til forsoning. Både det første og siste punktet har Den norske kyrkja så langt eg kan sjå følgt opp i vesentleg grad. Men det store oppgjeret, og den definitive offentlege unnskyldninga, lar framleis vente på seg.

I Sverige skjedde dette i 2021, med ei gjentaking året etter. Dåverande erkebiskop i Svenska kyrkan, Antje Jackelén, vedkjente mellom anna at kyrkja hadde vore «innkrøkt i seg sjølv», ein velkjent luthersk term for synd, og at ho ikkje hadde møtt det samiske folket i «augehøgde». Burde ikkje også Den norske kyrkja initiere ei slik unnskyldningsgudsteneste, i tett samarbeid med representantar for samane, kvenane og skogfinnane i Noreg?

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS