Kyrkja må droppe valdagen
Jomfruturen til det digitale kyrkjevalet vart ei festreise. No er det på høg tid å sende den tungrodde valdagen til opphogging.
DEMOKRATI: Sjølvsagt bør det vere eit mål at så mange som mogleg av kyrkja sine medlemmer tek del i medlemsdemokratiet. Men samanlikninga må vere nettopp dette: Medlemsdemokrati. Ikkje offentlege val, skriv Sigrid Rege Gårdsvoll
Den norske kirke
Måndag morgon tok eg på meg refleksvest og gjorde meg klar til å bruke tolv timar i ein garderobe. Inne i sjølve gymsalen sto åtte avlukker på plass til avviklinga av kommune- og fylkestingsvalet. Inne i dusjrommet var enda eit avlukke, litt mindre og i andre fargar, klart til kyrkjeval. Saman med eit knippe andre timesbetalte frivillige tok eg imot nokre få – færre enn førti – kyrkjemedlemmer som ville røyste, frå ni om morgonen til ni om kvelden.
Då førehandsrøystinga stengde førre onsdag, hadde over 91.000 medlemmer av Den norske kyrkja brukt den splitter nye digitale kyrkjeval-løysinga. Det var nesten dobbelt så mange som kyrkja sjølv hadde rekna med, og dei førebelse tala viser at kvar tredje kyrkjeveljar røysta digitalt.
Før valet i år vona kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum at den digitale førehandsrøystinga ville auke oppslutninga om valet totalt sett. Det vart, mildt sagt, ikkje resultatet. Slik det ser ut no vil valoppslutninga ende på rundt ni prosent. Det er ein monaleg nedgang frå drygt tolv prosent i førre val. Langt frå noko «rekordval», som også vi her i avisa flørta med tanken på.