Kven vi er, kva vi kan tåla

Må vi kunna gå under same parole for å overtyda andre om toleransen vår?

TERROR: 7. januar 2015 storma terroristar redaksjonslokala til det franske satiremagasinet Charlie Hebdo og drap 13 personar.

I januar var det fire år sidan den mørke merkedagen for angrepet på Charlie Hebdo. 7. januar 2015 storma terroristar redaksjonslokala til det franske satiremagasinet der dei drap 13 og såra endå fleire.

Europa og verda elles vart skaka av det brutale åtaket på ytringsfridomen og mange var dei som ville syna sympati og støtte i kjølvatnet. Uttrykket «Je suis Charlie»- Eg er Charlie, vart den vanlege måten å uttrykka at ein identifiserte seg med og støtta alle dei som var råka av terroren og brutaliteten i Paris desse dystre januardagane.

Eg merka likevel at dette uttrykket sette seg fast i halsen, dess meir overflatisk og lettvint eg såg det vart brukt. Eg støtta jo dei angripne, og meinte som dei fleste at slike angrep er ein styggedom som saksar eit samfunn i fillebitar av frykt og fordommar og forferda borgarar. Så kva var problemet med å stemma i eit heilhjarta «Je suis»?

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS