KrFs høge forbruk av partileiarar vitnar om ei djup krise
Ikkje sidan Valgerd Svarstad Haugland tok over som partileiar på 90-talet, har ein KrF-leiar fått ein god start eller slutt.
TØFFARE: Då Valgerd Svarstad Haugland gjekk av som partileiar i KrF, sa ho noko som burde fungert som ei åtvaring: «Å vere leiar for eit politisk parti er tøft. Det er endå tøffare å vere leiar for KrF», skriv kommentator Emil André Erstad.
Terje Bendiksby
Augneblinken på SAS-hotellet i Nydalen, 7. november 2003, då Valgerd Svarstad Haugland med gråtkvalt stemme sa at ho ville gå av som partileiar, har brent seg fast i minnet. «No vil nok mange skrive om Valgerds fall, og mange har venta på denne dagen», sa ho om seg sjølv.
Valgerds berømte sitat
Så sa ho noko som burde fungert som ei åtvaring til framtidige leiarar og partiet: «Å vere leiar for eit politisk parti er tøft. Det er endå tøffare å vere leiar for KrF».