Klimakollisjon i sakte film
Oljelobbyen er meir sjølvsikre enn på mange år, samstundes som klimarørsla har grunn til å bruke sterkare ord enn nokon gong. Det er ei farleg utvikling.
POLARISERT: Klimadebatten har tatt fleire steg tilbake etter Ukraina-krigen, og fører til problem for Jonas Gahr Støre, skriv kommentator Emil André Erstad.
Javad Parsa
Då den ofte smilande António Guterres – FNs generalsekretær – entra podiet på klimatoppmøtet i Egypt, var han gravalvorleg.
«Vi er på full fart mot klimahelvete».
Ord som tidlegare kunne komme frå klimaaktivistar som Greta Thunberg – og som dei fleste i den norske miljørørsla knapt ville tørre å uttale for å bli tatt seriøst – kjem no frå den øvste sjefen for verdas land.