Kart over trauma
Eit år etter 7. oktober-terroren har politiske leiarar ikkje fullt ut anerkjent trauma som åtaket vekka til live i Israel. Det kan bidra til å gje Benjamin Netanyahu frie tøylar.
kk
Leo Correa
Førre veke kjende eg det gjekk kaldt nedover ryggen. Hårene reiste seg då eg såg videoar på Twitter/X av to palestinske terroristar med automatvåpen som skaut rundt seg på trikken i Jaffa-bydelen i Tel Aviv. Då hadde israelske styrkar allereie i fleire dagar sleppt bomber over heile Libanon. Frå Gaza kom det ein jamn straum av dårleg nytt.
Eg var der
Ei av dei som stod i vegen for kulene i Jaffa var 33 år gamle Inbar Segev-Vigder. Ho hadde sin ni månader gamle son i beresele på magen. Sonen overlevde, medan Inbar blei drepen der, midt på Jerusalem-boulevarden.