Jonas Gahr Støre fekk aldri ein skikkeleg sjanse
Det har vore opprørande å sjå korleis Arbeidarpartiet har behandla partileiaren. Det er vanskeleg å sjå andre reelle alternativ enn at Støre må trekke seg.
PRESSA: Utover i november har det vore mykje snakk i Arbeidarpartiets korridorar om at Støre må ut. Det heile verka koordinert og noko som likna ein plan, skriv kommentator Emil André Erstad.
Ole Berg-Rusten
Klokka var 23.34, måndag 13. september 2021. På bakrommet i Folkets Hus sat ein mann med lukka augo og knytte nevar som han heva til vêrs. Ikkje jublande, men lågmælt triumferande. Meir melankolsk enn glad. Meir letta enn begeistra. «Nå kan vi endeleg si, vi klarte det», stod det på eit av arka som låg framfor han på bordet. Det var talen som han skulle halde for partiet om kort tid.
Akkurat der i sofaen på bakrommet hadde Jonas Gahr Støre fått vite at han hadde vunne stortingsvalet i 2021. Han skulle bli statsminister. Endeleg kunne han sei det høgt til seg sjølv og partiet. Gjennom heile valkampen hadde Støre fortald at det no var vanlege folks tur. Endeleg var det også hans tur.
Ein av dei som var til stades festa augneblinken til kameralinsa på mobiltelefonen. Det var eit heilt spesielt uttrykk i Støres ansikt på biletet: Som om ansiktsuttrykket romma nedturane frå dei sju magre åra han hadde sitte som Ap-leiar. Det var som om vi kunne sjå letta over at han ikkje skulle hamne på dei få sidene i historiebøkene om Ap-leiarane som aldri vart statsminister.