Jo, du har tid til å lese noko betre. Kvar dag, heile året

Alle har tid til å lese bøker – ikkje berre når det er sommar og ferie. Det er ei aktiv prioritering å fylle livet med hjernedaud lesing på Instagram.

kk
LES: Eg vil gå lenger enn Forleggerforeningen, som nøyer seg med å oppmode til lesing om sommaren. Eg vil heller sei: Les noko betre, heile året, kvar dag, skriv kommentator Emil André Erstad.
Publisert Sist oppdatert

Synst du borna dine les for få bøker? Kanskje du skal sjå deg i spegelen, dersom du klarar å få blikket opp frå din eigen smarttelefon.

Det var bodskapen i e-posten som kom frå rektor på podens skule tidlegare i år. Born gjer ofte som foreldra sine. Ser dei at foreldra finn glede i skjerm og ein pose med smågodt, så er det rasjonelt av barnet å følge foreldras eksempel. Ser dei derimot at far eller mor finn skattar i ei bok, er det ein viss sjanse for at mini òg vil ta ut på same skattejakt i litteraturens verd.

Du bestemmer

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS