I namnet til kjærleiken

Bono i U2 har vore både eit førebilete og eit irritasjonsmoment for mange kristne. I memoarboka si skriv han interessant om eiga trushistorie.

FERSK BOK: Bono skriv om eiga trushistorie i den ferske memoarboka «Surrender. 40 låter, én historie», som blei lansert tysdag morgon, skriv journalist Alf Kjetil Walgermo.
Publisert Sist oppdatert

Tysdag morgon sleppte artisten Bono sine litterære memoarar. Boksleppet gjekk sjølvsagt føre seg på Bonos vis — «worldwide», på mange språk samtidig, inkludert norsk. Eg har bladd og lese i boka mens eg har tenkt tilbake på mi eiga ungdomstid. U2 trefte meg på terskelen til tenåra. I nokre intense og formative år var dei med på forme meg, om ikkje til å bli «den eg er i dag», så iallfall med nokre små drypp ned i støypeskeia.

Mykje vatn har runne sidan den gong. Det er mange år sidan U2 var lydsporet i livet mitt. Men når Bono no ser seg tilbake, slår eg gjerne følgje i tilbakeblikket. Eg blei i liten grad innrulla i den såkalla «kristne musikken» som ungdom på 1980- og 1990-talet. Derimot var det av betydning for meg at Bono hadde ei kristen tru.

Eg var berre vesle gutungen då U2 platedebuterte med Boy i 1980, og det gjekk mange år før rytmane og melodiane fann vegen frå Irland til min eigen tilhaldsstad på Sunnmøre. Då eg blei interessert i bandet på slutten av 1980-talet, var dei allereie blitt store og populære — verken undergrunn eller «the next big thing». Men kjensla av å finne eit band som var i verdsklasse innan rocken, med tekstar som ofte var tufta på bibelsk tankegods, der frontfiguren og fleire andre i bandet var kristne, var avgjort god.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS