I dag er dagen. Når veit vi korleis det går?
Tysdag kveld brakar det laus over dammen. Her er en liten status, og ein vegvisar til kva det er verdt å følge med på gjennom dei tidlige morgontimane onsdag.
Det delte USA er tema for Vårt Lands forside 6. november. Her fortel Sigrid Rege Gårdsvoll deg kva du må følge med på grytidleg onsdag.
I amerikansk valgkamp vert det snakka mykje om momentum: Kven av kandidatane har medvinden i ryggen? Ofte kan det virke som om ordet blir brukt i si eigentlege tyding frå fysikk-verda, som om støtta til den eine eller andre kandidaten rett og slett er i narturlovanes vald. Slik er det nok ikkje, sjølv om det er kjent nok for alle som har drive valkamp at dersom pilene først peiker i rett retning, er det lettare å halde dei slik.
På veg inn i valdagen er det Kamala Harris som har momentum med seg. Etter ein litt treg oktober for henne, der målingane kraup litt etter litt i favør Donald Trump, skjedde det noko i førre veka.
Søppeløy og søppelfolk