Her er det fest og lede

Det er krig i Europa, klimakrisa har starta og nordmenn lagar ikkje nok barn. Likevel har Susanne Sundfør gitt ut eit livsbejaande album, gifta seg og fått barn.

h
MUSIKK I UTAKT MED SAMTIDA: Korleis kan Sundfør vere så håpefull og truande på livet og kjærleiken i ei tid kor det meste ser mørkt ut? Spør gjestekommentator David Sviland.
Publisert Sist oppdatert

Det er ikkje tilrådd å lage kunst om lykka. Sjansen er stor for at produktet blir keisamt eller uvesentleg. Difor tar dei seriøse kunstnarane tak i noko smertefullt og problematisk. Det har også Susanne Sundfør gjort gjennom heile musikarkarriera si. Dystopiske tekstar om kjærleiken, klimaet, livet generelt og melankolske melodiar har vore varemerket hennar.

Men 1. mai, rett før våren detonerte, slapp Sundfør albumet blómi. Ei plate full av håp, livslyst og tru. Merete Røsvik kjem også inn på noko av det same i si grundige analyse av same plate i denne avisa.

Songen «Alyosha» er ei reinspikka hylling til ektemannen André Roligheten, med tilhøyrande musikkvideo frå bryllaupet deira i fjor sommar. I denne songen kjem den eine proklamasjonen av kjærleik etter den andre: «You are all that I believe in, my love» og «All I want when you are gone is you back in my arms». Songen tar også oppgjer med egoisme og eit misantropisk syn på livet, til fordel for trua på kjærleiken: «They say its kill or be killed, love has died and all is worthless, but that is not what I believe in, that is not what I believe in, it’s you».

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS