Hard kamp om makta i Norge IDAG
Finn Jarle Sæle står mot Bjarte Ystebø i ein opprivande konflikt om redaktørstolen. Bli med bak redaksjonsdøra i Norge IDAG-striden.
SJEF: Då Bjarte Ystebø ville bli sjef i Norge i dag, vart det bråk. Maktkamp blanda med åndskamp er ein eksplosiv cocktail, skriv kommentator Emil André Erstad.
Ned Alley
Kraftsalvar som ein sjeldan høyrer i kristne samanhengar, har dei siste vekene hagla i den bitre striden mellom assisterande sjefredaktør Bjarte Ystebø og hans mangeårige sjef, Finn Jarle Sæle, om leiinga av den kristne vekeavisa Norge IDAG. Sistnemnde kallar det ein åndskamp.
Stridens kjerne handlar om kven som skal vere sjef for avisa, etter at Ystebø i 23 år har vore Sæles trufaste disippel.
Etablert etter Dagen-strid