Halloween gjer det lettare å vere annleis
Det er på tide å slutte sutre: Halloween er ein unik sjanse for barn og unge til å vere mørke, stygge og annleis for ein kveld.
SKUMMELT: På denne sure, kalde kvelden i slutten av oktober handlar det ikkje om å pynte seg eller å vere den beste versjonen av seg sjølv. Derfor burde vi heie på at barn og unge endeleg kan få vere stygge og fæle, skriv kulturredaktør Lars Petter Sveen.
Vadim Ghirda/NTB
Kvar oktober skjer det same: Eg og kona blir uroleg når Halloween nærmar seg.
Oftast handlar det om eit ubehag. For når du har mista nokon i nær familie, er det ikkje så lett å stelle seg til at døden blir tulla med rett utafor døra di.
Men det handlar også om små ting, som at barna går og et godteri til seint på kveld – det er jo ikkje akkurat så sunt. Og så har vi irritasjonen over korleis amerikansk kultur, hand i hand med handelsstanden, brøyter seg inn i haustmånadane. Og kvifor er Halloween blitt så populært, mens så mange kristne høgtider snakkast ned?