Går det an å vinne ein debatt mot Donald Trump?*
*på ein måte som faktisk betyr noko?
DEBATTANT: Spørsmålet er om Trump er i stand til å halde seg i skinnet og framføre argumenta sine med noko som liknar bodskapsdisiplin, skriv Sigrid Rege Gårdsvoll.
NTB
Natt til onsdag norsk tid møter Kamala Harris Donald Trump til debatt.
Dei to motstandarane har utruleg nok aldri møtt kvarandre andre andlet til andlet før. Maktoverføringa etter at Joe Biden slo Donald Trump presidentvalet i 2020 var som kjent ikkje heilt udramatisk, og då tida var komen for den formelle overtakinga, valde Donald Trump å halde seg heilt unna. Han braut dermed med ein amerikansk politisk tradisjon som med nokre ganske få unntak strekk seg tilbake til tidlig 1800-tal.
Kamala sin balansegang