Fellesskapet frå kristenretten er under press
UTFORDRER: Kristenretten krevde at storbonde og trel delte gudshus og gravplass. Idag blir felleskapet utfordra av algoritmar.
Sogespelet "I slik ei natt" av Svein Tindberg (regi Nina Sele) dramatiserer brytningstida mellom då kristenretten vart innført i 1024.
Sindre Deschington
MOSTER (Vårt Land): Kristenretten var spiren til ein fundamental samfunnsendring der menneske, skapt av Gud, fekk ein eigen verdi. Det er omkvedet til det store kristenrettjubileet som gjekk føre seg på Moster på Bømlo i helga.
Dei første omveltingane kom med reglar som at alle skulle gravast i vigsla jord. Det var slutt på tanken om at storbonden skulle leggjast i haug på garden, medan trelen hans kunne søkkjast i ei myr. Det vart eit fellesskap etter døden.
Kristenretten tvang fram fellesskap