Feige om folkemord

Kvifor vik norske styresmakter unna i møte med endå eit historisk svært godt dokumentert folkemord?

l
I KYIV: Statsminister Jonas Gahr Støre gjesta Holodomor-museet i Kyiv i fjor. - Men han vil ikkje bruka ordet folkemord, skriver Johannes Morken.
Publisert Sist oppdatert

For 90 år sidan – i åra 1932-1933 – sette Sovjets brutale diktator Stalins i verk ei målretta utsvelting av Ukraina, med minst 3,9 millionar døde.

Stalin tvangskollektiviserte landbruket i heile imperiet i 1929. Matproduksjonen sokk som ein stein og førte til hungersnaud med millionar av døde fram til 1934, også i område av Russland og Kasakhstan.

Men tragedien i Ukraina var av langt større omfang – og det av ein grunn som vi kjenner blodstanken av på nytt. I Ukraina handla det ikkje «berre» om å overta privat jord og kua bøndene. Han ville knekkja alt som heitte ukrainsk nasjonalisme. Stalin brukte svolt som dødeleg maktmiddel. Ukrainske bønder som gjorde motstand mot at staten tok all jord, vart deporterte – eller jamvel slegne i hel.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS