Erna Solbergs magi som forsvann
Fleire kjelder i partiet stadfestar at det igjen er problemer innad i Høyre. Kommunalminister-traumet til Erna Solberg lurar i skuggane.
UKJEND: Erna Solberg har blitt tvungen ut av posisjonen som samlande faktor på borgarleg side for å ta opp konkurransen frå høgre kant. Det er ei rolle vi knapt har sett Solberg i, skriv kommentator Emil André Erstad.
Fredrik Varfjell
Karisma er avhengig av kontekst. Ein politisk leiar som i ein samanheng kan vere ekstremt populær og karismatisk, kan i ein heilt annan samanheng vere grå og usynleg. Berre spør Jonas Gahr Støre om hans overgang frå stjernediplomatiet til kvardagspolitikken.
I lys av denne enkle innsikta er det interessant å studere Erna Solbergs reise i norsk politikk.
I 1999, då det norske heavy-metalbandet Black Debbath gav ut singelen Det er problemer innad i Høyre, gav låtens tittel meining og gjenklang. Den spela på korleis partiet var i konstant opprør mot eigne leiarar og i strid med seg sjølv. Det var i forlenginga av denne turbulente tida i partiet at Erna Solberg steig til makta, då ho vart partileiar i 2004.