En skulle vøri julebukk i romjul’n
Den utdøyande tradisjonen med å gå julebukk har både kristne og heidenske røter. Tradisjonen bør likevel gjenopplivast, for barn har godt av å gå på dørene og synge for folk i romjula.
Julebukk
Christian Bloom
Visesongaren og forfattaren Alf Prøysen visste korleis det var å gå julebukk. Songen «Romjulsdrøm» handlar om korleis det er å vere barn, kle seg ut med masker og banke på som julebukk hos bestemor: «En skulle vøri fire år i romjul’n / Og kjint ei jinte som var nesten fem, / Og begge skulle kledd seg ut med masker / Og kømmi julbokk tel et bæssmorhem.»
Gleda var stor om eg som barn kunne kle meg i nissedrakt og synge kristne julesongar til folk i nabolaget. Då vanka det gjerne både frukt og sjokolade som takk for teksten og tonane. Den smakfulle løna var rein bonus, så spennande var bukkeverksemda i seg sjølv.
Om julebukkar flest har sunge salmar på dørene til folk, veit eg ikkje, men det har heller ikkje vore uvanleg med eit vers eller to av «Eit barn er fødd i Betlehem». At bukkane på dette viset har tala med englestemme om Frelsaren som blei fødd i Davids by, kan moglegvis reknast som eit lite juleunder. Røtene til den norske julebukktradisjonen er nemleg ikkje berre kristne, men også heidenske.