Ein del av Støres arv er at Ap mista grepet om ungdommen

Statsministeren nyttårstalte til ungdommen. I hans eige parti blir det stadig færre av dei.

kk
NYTTÅRSTALEN: Jonas Gahr Støre åtvara mot ungt utanforskap og skjermbruk for unge i nyttårstalen. I enkelte passasjar verka det som om kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun hadde skrive talen, skriv Emil André Erstad
Publisert Sist oppdatert

For Jonas Gahr Støre hadde årets nyttårstale fleire funksjonar enn vanleg. Overordna pleier talen vere eit nasjonalt leirbål, ein statusrapport, ein motivasjonstale – inn i det nye året. Like mykje har nyttårstalane til norske statsministrar ofte fungert som oppspel til valkamp. I år var kanskje den viktigaste funksjonen for Støre kva rolle talen spela overfor hans eige parti.

Derfor var det interessant å sjå kva tema Støre valde å fylle talen med. Han kunne enkelt ha brukt den usikre tryggleikspolitiske situasjonen, snakka om alle farene som trugar ved våre grenser, for å styrke argumentasjonen om at han er rett leiar for partiet, og rett mann i statsministerstolen. Det finst ingen i Ap som kan matche Støres CV. Heller ingen annan stad i Norge.

Til ungdommen

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS