Dette føregår i kulissene hos Høgre no

Erna Solberg har ofte tydd til ein av dei mest effektive politiske strategiane i norsk politikk. Saman med ein tett krets rundt seg tyr ho no til den same strategien.

kk
INNSIDA: Det er likevel Solberg som er sjef for eigen strategi i krisehandteringa, skal vi tru forteljinga frå innsida, skriv kommentator Emil André Erstad.
Publisert Sist oppdatert

Det er ikkje alle i Høgre som i desse dagar hoppar rundt som lojale partikaninar og viser fram ein nesten uendeleg tillit til partileiaren. Erna Solberg har også ein liten krets av rådgivarar og støttespelarar som ho stoler på, og som gjev henne ærlege tilbakemeldingar som aldri når ut i offentlegheita.

Den usynlege mannen i kulissene

Mange tenker at spinndoktoren Cato Husabø Fossen er hjernen bak Erna Solberg si krisehandtering. Det er ikkje slik på innsida. Fossen er saman med fleire rådgivarar som Jenny Clemet von Tetzschner, Iris Aunvik Tveten og Trude Bakke del av Solberg sin indre krets for tida. Den aller viktigaste i denne indre kretsen er likevel spesialrådgivaren for Høgres parlamentariske leiing, Lars Øy.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS