Det Støre burde sagt til Kjerkol
Den spesielle pressekonferansen der Jonas Gahr Støre gav Ingvild Kjerkol fyken som helseminister, viste kva djupe problem Arbeidarpartiet står i.
IKKJE TYDELIG NOK: Støre burde sett ned foten og stått på den, for å sitere ein av hans forgjengarar, skriv Emil André Erstad.
NTB
«Ingvild Kjerkol, dette går ikkje lenger. Du har brote tilliten både til meg og veljarane.» Eller: «Ingvild Kjerkol er min statsråd. Hennar masteroppgåve var ikkje relevant for at eg gjorde henne til statsråd, og ho har min tillit også framover.»
Ein av desse to strategiane burde statsministeren ha vald, tidlegare og tydelegare. Han burde sett ned foten og stått på den, for å sitere ein av hans forgjengarar. I staden for fekk vi ei pressekonferanse for historiebøkene. For ope scene kunne vi sjå kor vanskeleg det er for Støre å halde styr på eiga regjering.
Støre burde verna partiet og regjeringa