Dersom fleire gjer som kyrkja, vil antisemittismen få motstand

Kyrkjas sjelegransking om sitt forhold til jødar og jødedom, viser veg i kampen mot antisemittismen. No må andre kome etter og sjå seg sjølv i spegelen.

kk
– Det ville det vore interessant å sjå dei politiske partia, spesielt på venstresida, ta eit liknande oppgjer med grums i eigne rekker, skriver Emil André Erstad.
Publisert Sist oppdatert

Det er ikkje utbreidd antisemittisme blant norske kyrkjegjengarar som er grunnen til at tungt væpna politi må sørgje for tryggleiken til norske jødar om dagen.

Likevel er det Den norske kyrkja (DNK) som har tatt den mest grundige sjølvransakinga om sitt forhold til jødar og jødedom, då dei fredag lanserte rapporten Den norske kirke i møte med jødedom og jøder. En kritisk gjennomgang med vekt på historiske, teologiske og menneskerettslige perspektiver. Rapporten, på kring 300 sider, er resultatet av ei nesten tre år lang utgreiing. Bak står eit utval oppnemnt av Bispemøtet og Mellomkyrkjeleg råd for DNK. Sjølv berre etter å ha lese konklusjonane og oppsummeringane, er resultatet eit imponerande grundig og konkret dokument.

Grufull historie

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS