Derfor kjem Hadia Tajik tilbake

Av falne nestleiarar i Arbeidarpartiet, er det Hadia Tajik som har størst sjanse på eit comeback. Sannsynlegvis skjer det fort.

kk
TAJIK: Viss det ser ut som, høyrest ut som og oppfører seg som ein politikar som ikkje er ferdig – så er det sannsynlegvis ein politikar som ikkje er ferdig, skriv kommentator Emil André Erstad.
Publisert Sist oppdatert

Kraftfull, sjølvsikker og full av ambisjon.

Det var slik eit samla korps av politiske journalistar oppfatta Hadia Tajik då ho heldt gjestetale under det årlege julebordet i Stortingets presselosje førre veke. Ho var den som fekk klart mest applaus for talen, der ho mellom anna sa at det var inspirerande korleis Audun Lysbakken «hadde gått av som statsråd for deretter å bli partileiar».

Den grundig førebudde talen var ikkje til å misforstå. Her vog Tajik orda på gullvekt for at publikum – dei som til dagleg dekker norsk politikk i media – skulle vite at ho var på veg tilbake.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS