Derfor får Støre-regjeringa straff av Netanyahu
Den norske regjeringa strevar med å finne rett balanse mellom kritikk av Israel og støtte til palestinarane. No vert dei straffa av Netanyahu-regimet. Det er det palestinarane som tapar på.
BALANSE: Heilt sidan Hamas-terroren 7. oktober og den brutale krigen som følgde, har statsminister Støre og utanriksminister Eide hatt tett kontakt om kva linje Norge skulle leggje seg på. Balansen vart for vanskeleg, skriv kommentator Emil André Erstad.
Yuki Iwamura
Det siste halvåret har utanriksminister Espen Barth Eide blitt nekta å reise til Israel, kunne Vårt Land avsløre torsdag. Den israelske regjeringa har sett ned foten for besøk frå den norske utanriksministeren. Alle som bryr seg om Noregs rolle som meklar i konflikten bør heve minst eit av augebryna. Det er nok å nemne Oslo-avtalen, Noregs rolle som leiar i givarlandsgruppa for Palestina og det grandiose håpet om å lage fred mellom israelarar og palestinarar.
Der utanriksministrar mange vestlege land Norge likar å samanlikne seg med har reist til Tel Aviv for å ha samtalar med den israelske regjeringa om terroren, krigen og dei humanitære behova, har Norge sjølv hamna i den diplomatiske fryseboksen. Internt i Støre-regjeringa blir reisenekten oppfatta som ei markering frå Netanyahu-regjeringa. Den er straffa for ei tydeleg pro-palestinsk linje Norge har lagt seg på. Sjølv om linja er mindre balansert enn dei fleste vestlege land, har Støre og Eide prøvd å stå med ein fot i kvar leir.
Prestisjenederlag