Derfor får Midtausten-konflikten så mykje merksemd

Det er ikkje så rart at det som skjer i byar som Betlehem og Jerusalem engasjerer oss meir enn liding i Kibumba og Kitshanga.

kk
URETTFERDIG: Den israelsk-palestinske konflikten har ei nesten uforståeleg sterk magnetisme på samfunnsengasjerte menneske verda over. Mange konfliktar – som den i DR Kongo – får ikkje den merksemda dei fortener, skriv kommentator Emil André Erstad.
Publisert Sist oppdatert

Den israelsk-palestinske konflikten har ei nesten uforståeleg sterk magnetisme på samfunnsengasjerte menneske verda over.

Sidan 7. oktober har mange på nytt retta blikket mot konflikten mellom israelarar og palestinarar. Det er ikkje så rart: Hamas-terroren er allereie del av historiebøkene som eit av dei verste åtaka i moderne tid. I månadane etter har sivile palestinarar på Gazastripa betalt blodprisen i konfliktens evige jakt på rettferd. Det er prov på at menneskenaturen fungerer når bileta av drepne born får oss til å reagere.

Likevel må vi spørje: Kvifor vekkjer den israelsk-palestinske konflikten eit nesten grenselaust engasjement medan mange andre konflikter verda over ikkje ser ut til å få den merksemda dei fortener? Røde Kors-lista over verdas gløymde konfliktar viser kriser og krig i land som Somalia, Sør-Sudan og Myanmar. Dei har det til felles at det går lang tid mellom kvar gong vi ser dei omtala i norske aviser.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS