Den triste sortien og dei nye moglegheitene
Det var til slutt ikkje til å unngå at Joe Biden måtte trekke seg frå å vere demokratane sin presidentkandidat. Det var likevel vemodig og vondt.
RADARPAR: Det er ei dryg oppgåve som no ligg framføre Kamala Harris, dersom det altså blir henne som tek over nominasjonen no som Joe Biden har trekt sitt kandidatur, skriv Sigrid Rege Gårdsvoll.
AP/NTB
Sundag kveld norsk tid kom meldinga om at Joe Biden ikkje lenger vil vere Det demokratiske partiet sin presidentkandidat i valet i november. Like etter meldte han også at han gjer si støtte til Kamala Harris som partiet sin nye kandidat.
Det blir opp til partiet, som skal ta avgjerda under landsmøtet i slutten av august. Fleire prominente demokratar tok, alt før det var klart at Biden ville trekke seg, teke til orde for å arrangere ein open prosess i ekspressfart for å ha ein ny kandidat klar til landsmøtet. Ønsket er å unngå eit inntrykk av at partieliten forbigår partimedlemmane.
Når Biden er så tydeleg på at han ønsker at visepresidenten hans skal vere den nye kandidaten, er det vanskeleg å sjå føre seg at det er nokon andre som kan nå opp.