Dei hadde ikkje lenger bruk for Per-Willy Amundsen

At Per-Willy Amundsen hadde sterke meiningar om kvinner, innvandrar og korstog, overraska ikkje mange. Det burde heller ikkje overraske Erna Solberg eller Sylvi Listhaug.

kk
SISTE: Då Amundsen fekk jobben som leiar for justiskomiteen i 2021, skal Listhaug ha sagt at det var «siste sjanse» for partikollegaen. No måtte han halde seg på matta. Det klarte han ikkje, skriv kommentator Emil André Erstad
Publisert Sist oppdatert

Alt har si tid, det er ei tid for alt som hender under himmelen, står det i Forkynnaren. At det er ei tid for å hauste gevinst på populistiske frittalande Frp-arar og ei tid for å sette dei på plass, står det ikkje. Men det kunne stått, om Erna Solberg og Sylvi Listhaugs politiske strategiar var kjelda.

Før helga drakk visstnok Per-Willy Amundsen frå Frp litt for mykje whisky. Det var bakgrunnen, ifølgje han sjølv, for at han posta fleire rabiate innlegg og kommentarar på Facebook. I det eine skreiv han «Med Norge og Israel mot arabere som dreper mennesker, slik dere har for vane å gjøre». I eit anna skreiv han om «radikale kvinnemennesker» som har «lyktes i å holde menn tilbake». Han skreiv også at mange kvinner ikkje veit «opp ned på en penis», kva no enn det skal bety. Det var eit innlegg i høve kvinnedagen 8. mars.

Uakseptabel i regjering

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS