Dei brysame kulturkristne
Mindre enn ein av fem kyrkjemedlemmar kan seie heilt sikkert at dei trur på Gud. Kva skal vi gjere med resten?
KULTURKRISTNE: Ikkje alle medlemmar i Den norske kyrkja er trygge i si tru. Men likevel vender dei tilbake til kyrkjerommet igjen og igjen.
Sara Johannessen Meek / NTB
Nokre av mine mest levande minne frå barndommen, er frå kyrkja. Dei harde benkane, dei glovarme omnane ved føtene, den svake eimen av gummisolar som smeltar, den høgtidlege røysta til presten som messar kyrie eleison.
For meg som for mange andre, har gudstru aldri vore ukomplisert. Den har kome og gått. Som sjølvtilfreds ung mann troppa eg opp på kyrkjekontoret og melde meg ut. Men når bryllaup, gravferder og julehøgtider drog meg tilbake til kyrkja, var respekten for rommet der framleis. Eg trur det for alvor blei klart for meg nokre år seinare, då eg var i Nidarosdomen for første gong. I det massive kyrkjerommet fekk eg brått kjensla av 900 år historie kasta over meg — av femti generasjonar kvinner og menn, høg og låg, som på same stad, i same rom har opplevd den høgtidlege røysta til presten som messar kyrie eleison.
Dei kulturkristne