Då elefanten i rommet var i Brasil

Statsministeren glimra med sitt fråvêr på LOs viktigaste konferanse, sjølv om han var den alle snakka om. Det var som om dei allereie førebudde seg på ei tid der han ikkje lenger var partileiar og statsminister.

kk
EINSAM: På Sundvolden var det tydeleg at Støre er i ferd med å bli ein stadig meir einsam partileiar, skriv kommentator Emil André Erstad.
Publisert Sist oppdatert

Arrangørane av LO Stats tradisjonsrike kartellkonferanse, gjorde sitt ytste for å piffe opp stemninga hos sosialdemokratar og fagorganiserte som er sveltefôra på gode målingar. Ein av programpostane heitte til dømes «Veikart til valgseier».

Den var same dagen etter målinga på 17 prosent som både LO-leiaren, partisekretæren og nestleiaren omtala som krise om det skulle bli valresultatet. I staden for å sjå mot valsiger, såg deltakarane etter syndebukkar. I staden for eit vegkart, sat hundrevis av menneske i salen med ulike kompass som peika i ulike retningar.

Skulle Ap gå til val med Tajik eller Gunaratnam i Oslo?

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS