Brukar kyrkjer til å overvake flyktningar
ERITREA I NORGE: Eritrearar som slost i Bergen speglar korleis regimet i heimlandet kontrollerer miljøet langt inn i eksilkyrkjene. Norske styresmakter gjer lite.
GATEKAMPAR: Politi mot demonstrantar i Bergen sentrum laurdag. Eritrearar i byen kravde at eit eritreisk kulturarrangement skulle bli avlyst.
Tuva Åserud
Denne artikkelen er ein analyse av eit sakskompleks. Han uttrykkjer skribentens analyse av situasjonen.
Dei som vil sjå bak nyhendemeldingane om eritrearar som slost mot eritrearar i Bergen, ser eit eksilmiljø som er djupt splitta i to leirar:
- Dei som støttar opp om regimet til frigjeringshelten som er blitt Afrikas siste diktator, som styrer eineveldig og slår ned på all opposisjon – og kontrollerer den koptiske kyrkja.
- Dei som har flykta frå Eritrea, særleg frå den livslange, brutale samfunnstenesta, og som ønskjer å demokratisere heimlandet.