Bøn i beste sendetid
For første gong på nesten tretti år ser vi ei kristen bøn i ein Disney-produksjon. Det føyer seg inn i eit landskap der tilnærminga til tru verkar opnare enn på lenge.
HISTORISK BØN: Det er verken kulturimperialisme, MAGA eller snikmisjonering å vise fram ei barnleg bøn til Gud i beste sendetid, skriv Alf Kjetil Walgermo om den nye amerikanske TV-serien «Tap og vinn».
Pixar
Når såg du sist nokon be til Gud i ein film eller TV-serie laga av Disney? Dersom du har barn i huset som har sett den nye serien på Disney+, «Tap og vinn», er svaret kanskje «no nettopp». Viss du ikkje har sett denne serien, er svaret mest truleg «for cirka tretti år sidan».
Så lenge sidan er det nemleg sidan teiknefilmen Ringeren i Notre Dame kom ut. Disney-klassikaren som hadde premiere på norske kinoar for litt over 28 år sidan inkluderte songen «De utstøtte». Benedicte Adrian song følgjande i den norske versjonen: «Gud, se i nåde til dine små. Gi dem den gave det er å forstå. Gud, vær barmhjertig der det er fortjent. Gud, hjelp de minste før alt er for sent.»
Dette var den siste gongen vi kunne høyre ei kristen bøn i ein film eller serie produsert av Disney, før bøna altså gjorde comeback i Disney Pixar-serien «Tap og vinn» no i slutten av februar.