Bollestads hemn
I fire år har Olaug Bollestad peika på KrFU-leiar Hadle Rasmus Bjuland som sin etterfølgar som stortingsrepresentant frå Rogaland. For få dagar sidan hamna han i fryseboksen. Per no er han ute av stortingslista til Rogaland KrF.
OVERRASKANDE: «Det er fleire som riv seg i håret og undrer over kvifor Bollestad plutseleg skulle ha behov for å hemne seg på Bjuland. KrFU-leiaren har vore hennar føretrekte etterfølgar i fleire år. Han har vore vara for henne på Stortinget fleire gonger. Bollestad har tidlegare lagt stor vekt på å legge til rette for komande generasjonar inn i KrF-toppen,» skriv Emil André Erstad.
Skjermbilde fra NRK-serien Folkevalgt
Vårt Land erfarer at Jonas Andersen Sayed vil bli innstilt av nominasjonskomiteen i Rogaland KrF til topplasseringa på Kristeleg Folkepartis stortingsliste. Det er venta at lista blir offentleg om kort tid. Det er same plass som fylkesleiinga i Rogaland KrF for to veker sidan meinte KrFU-leiar Hadle Rasmus Bjuland burde bli nestleiar nasjonalt. Det ville ikkje vere aktuelt uten ein fast plass på Stortinget.
Det var etter lesarinnlegget frå sentralstyremedlem Øystein Stjern, fylkesleiar Siri Bloch Lindtveit og fylkeslagets nestleiarar Andreas Bjorland og May Synnøve Rygh at Olaug Bollestad annonserte sin fullstendige exit som nasjonal politikar – også frå Stortinget. Lesarinnlegget blei oppfatta som ein spikar i kista for Bollestads politiske liv.
Bjuland gjekk etterpå høgt på banen, og sa at han var klar til å stille både til KrF-leiinga og som førstekandidat på Rogaland KrFs stortingsliste. Han teikna også opp eit politisk prosjekt der KrF må tørre å gjere seg upopulære for å vinne veljarar.