«Alle som er bekymra for tilliten til Norge, bør omfamne tverrpolitiske forlik»
Partiet Høgre har sjølv eit stort ansvar for å redusere den politiske risikoen for å investere i Norge. Akkurat no ser partiet ut til å vere meir opptekne av å helle bensin på misillitsbålet i saka om lakseskatt, enn å bidra til å sløkke det.
SJØLVOPPFYLLING: Nett no ser det ut til at partiet Høgre og Erna Solbergs høgste prioritet er å spreie og forsterke påstanden om politisk risiko for investorar i Norge. Måten Høgre opptrer kan føre til ein sjølvoppfyllande profeti, skriv kommentator Emil André Erstad.
Alf Simensen
For mange utanfor politikken og investormiljøa kan orda politisk risiko verke harmlause. Derfor er det kanskje ikkje så mange som har heva på augebryna over Høgres stadig meir raffinerte åtak på Støre-regjeringas økonomiske politikk. Partiet har over tid hevda at Støre aukar den politiske risikoen knytt til å investere i Norge.
For oss som har studert statsvitskap, er omgrepet politisk risiko tradisjonelt knytt til land som Mosambik, Afghanistan, Kambodsja eller Sør-Sudan. Det handlar om at dei politiske systema i desse landa er så skjøre, ustabile og uføreseielege at investorane ikkje kan vere sikre på at investeringane er trygge. Dessutan er domstolane ofte heller ikkje til å stole på.
Finsk lobbykampanje