Å forstå andre sin lidenskap

Livet i same hus og heim vert betre om ein legg godviljen til i møte med den andre sin lidenskap.

VINNAR: Norske Jonas Abrahamsen vann den grønne trøya etter den første etappa i Tour de France. Då var det god stemning heime hjå kommentatoren.
VINNAR: Norske Jonas Abrahamsen vann den grønne trøya etter den andre etappa i Tour de France. Då var det god stemning heime hjå kommentatoren.
Publisert Sist oppdatert

Gjennom våren får eg ei stadig sterkare fornemming av at vi blir fleire i husstanden. Når juli treff, er det ikkje berre ei kjensle lenger: Kvar einaste dag – nesten – held min betre halvdel høgtid i stova saman med Christian Paasche og Mads Kaggestad.

Gjennom arbeidsdagane har han lyden på øyra, og det er om å gjere å komme seg heim frå jobb – på sykkel, sjølvsagt – i tide til å få med seg dei siste seks-sju mila før ein kaotisk massespurt, bakketopp eller livsfarlig utforkøyring avgjer etappen. Frå dei i studio renn det over av gode anekdotar, fun facts og praktiske sykkeltips han tek med seg inn i eigen kvardag. Sjølv har gemalen forøvrig nyleg gjennomført ein ambisiøs stafett frå Nordkapp til Lindesnes med sitt eige amatørlag og kjenner truleg større slektskap enn nokon gong med gutane på skjermen.

Den vanskelege sporten

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS