Vernar livsviktige kyrkjeskogar i klimaherja land

35.000 kyrkjeskogar blir viktige når Etiopia skal løfte millionar ut av djup fattigdom. Den ortodokse kyrkja er ein pådrivar for å stoppe avskoging.

Kirkeskogene, klima, miljø, Kirkeskog. Gudstjeneste.
Over heile Etiopia eig den ortodokse kyrkja rundt 35.000 skogar. Både prestar og munkar er engasjerte i arbeidet med å spreie bodskapen om skogvern og skogplanting.
sdr_HDRB Kirkeskogene, klima, miljø, Kirkeskog. Kirke.
Kyrkjeskogane er grøne oasar. Kvar sundag strøymer folk frå omliggjande landsbyar til kyrkjene for å delta på gudstenester.
Kirkeskogene i Etiopia. Biskop Abune Aregawi
Abune Aregawi er ein av toppleiarane i den ortodokse kyrkja i Etiopia.
Kirkeskogene i Etiopia. Yemane Salih,
Yemane Salih er prosjektleiar for Kirkens Nødhjelps skogprosjekt i Etiopia.
Publisert Sist oppdatert

– Hjå oss går teologi og biologi hand i hand. Me har vakta skogen i nær 2.000 år, sidan kristendommen slo rot i landet vårt, og kyrkja blei til, fortel Abune Aregawi.

Han forklarar at treet har ein sentral plass i den ortodokse teologien. Han samanfattar det heile i ei setning:

– Ei kyrkje utan tre er som ein kropp utan klede.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP