– Berre éin ting kan redde Tuvalu: Å få klimagassutsleppa ned
Det er vanskeleg å sjå føre seg lokale tiltak som kan bøte på det stigande havnivået, ifølgje klimaforskar.

I det sørlege Stillehavet, der Tuvalu ligg, kjem stadig sterkare orkanar på toppen av aukande havnivå.
Tore Furevik er direktør ved Bjerknessenteret for klimaforsking i Bergen og fortel at alt tyder på at havet stig raskare enn FNs klimapanel la til grunn for få år sidan.
– Havet stig. Vi ser aukande issmelting på Grønland og i Antarktis. I Antarktis går breane mykje raskare ut i havet no enn før, Det vil sannsynlegvis stige med éin meter i løpet av dette hundreåret, seier han.
Vanskelegare å dyrke mat
– Kor alvorleg er situasjonen for Tuvalu no?
– Veldig alvorleg. Det er mange som bur nært havet, seier Furevik.
Når havet stig på øya, blir det meir saltvatn i jorda. Resultatet er vanskelegare forhold for dyrking av mat.
– Dette ser vi i fleire land. Éin ting er Stillehavsøyane, der det bur få folk. Men i Bangladesh og Mekong-deltaet sør i Vietnam vil flest folk bli ramma av dette. I Bangladesh har dei allereie sett ei auke av hjarte- og karsjukdomar på grunn av for mykje saltinntak, seier han.
– Dette er veldig øydeleggande og vanskeleg å gjere noko med.
Utslepp må ned
Ifølgje Torevik er det berre éin ting som må gjerast for å hindre problema på Tuvalu: å få klimagassutsleppa ned mot null.
– Den temperaturen vi har i dag er allereie høg nok til å få store delar av Grønland og Antarktis til å smelte. Kor fort det vil gå framover, avhenger av våre utslepp.
Ein del område, som byar i Noreg, kan beskyttast mot det stigande havet.
– Men ein kan ikkje lage ei demning rundt heile Tuvalu. Det er veldig vanskeleg å sjå føre seg lokale tiltak som kan bøte på problema, seier Furevik.
Les reportasje frå Tuvalu: – Kanskje er vi her om 20 år, kanskje ikkje, seier ein far