Slik reagerer frikyrkjepastorar på Gilbergs kronikk om homofilt samliv
FRIKYRKJA: Kronikken der den profilerte frikyrkje-pastoren Kjetil Gilbergs seier han ikke står bak Frikyrkjas lære om homofilt samliv, vekker reaksjonar.
LEI: Pastor i Trondheim Frikirke, Ingebrikt Kvam, er lei av å bruke tid på debatten rundt likekjønna samliv.
Foto: Ingvild S. Andersen
– Eg blir litt matt av heile greia, er Ingebrikt Kvams fyrste reaksjon etter å ha lese Kjetil Gilbergs kronikk om likekjønna samliv.
Kvam, som er pastor i Trondheim Frikirke, seier han heller vil bruke tid på å gjera disiplar enn å diskutere homofilt samliv.
Fredag blei ein tekst av pastor i Kraftverket i Oslo, Kjetil Gilberg, publisert av Vårt Land. Her skriv han at skeive i Frikyrkja er velkomne, men ikkje aksepterte, og at dei i Kraftverket ville gitt plass til skeive i den øvste leiinga, hadde det ikkje vore for at dei er ein del av Frikyrkja og må fylgje deira retningslinjer.
Bestill abonnement her
KJØP