Med dette grepet håpar dei å få fleire prestar i distriktet
UTDANNING: MF vitenskapelig høyskole vil tilby ei fleksibel presteutdanning – uansett kor i landet du bur: – Å la teologien møte cutting-edge-teknologien er ein hybrid kor litt av kvart kan skje.
Sjølv om talet på ledige prestestillingar sakte blir mindre, er endå ikkje Den norske kyrkjas (DNK) jobb ferdig gjort. Store kull kjem til å gå av med pensjon i åra som kjem.
Kyrkjas rekrutteringsarbeid held derfor fram, og blir bakgrunn for to viktige saker på Kyrkjemøtet til hausten. MF vitenskapelig høyskole vil stå «skulder ved skulder» med DNK i bemanningsutfordringa, og får no 5,6 millionar kroner frå regjeringa. Eitt av måla: Å utdanne fleire prestar til distrikts-Noreg.
– Med denne erfaringsbaserte, fleksible mastergraden, håpar me å bidra inn i den såkalla prestemangelen, fortel praktikumsleiar Knut Tveitereid ved MF.