Frikyrkja tek grep etter synodemøte: Vil jobbe for større mangfald i viktige posisjonar
NYTT TILTAK: Frikyrkja skal setje ned ei arbeidsgruppe som skal jobbe for breiare representasjon i leiande organ. – Det er akkurat dette eg håpa på, seier Heidi Garvik som har kritisert einsretting og kameraderi i kyrkja.
SER BEHOV: Nyleg gjenvalgte leiarar i Frikyrkja, Anne Mari Schiager Topland og Jarle Skullerud, har saman med dagleg leiar Marit Ecklo Brevik sett behov for å jobbe meir med mangfald i Frikyrkja. No set dei ned ei ny arbeidsgruppe.
Foto: Inge Auberg
– Me har eit stort mangfald i Frikyrkja og me har eit ynskje om at dette i større grad skal bli representert i leiande organ, seier synodeformann Jarle Skullerud.
I helga hadde Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja (Frikyrkja) synodemøte. Der blei det diskusjon mellom anna om korleis valkomiteen har arbeidd, då det blei påpeika ei overvekt av mannlege kandidatar. Det blei også stilt spørsmål om det blei lagt for mykje vekt på folk sitt synspunkt på homofilt samliv i valkomiteen sitt val av kandidatar.
Eldste i Sandnes frikyrkje og synodedelegat Heidi Garvik blei spela inn som benkeforslag til synodestyret. Ho fortalde Vårt Land at ho blei spurt om to ting av valkomiteen: alder og syn på samlivsetikk. Ho gjekk også ut mot det ho meinte var ein maktkamp, der ein gjeng med menn utnyttar posisjonane sine til å sikre einsretting og at det handlar mykje om kven som kjenner kven.
Bestill abonnement her
KJØP