– Mykje har blitt til det betre, men det har bikka over
KYRKJEREFORMAR: Mange prestar er frustrerte over detaljstyring og byråkrati rundt tidsbruk, planlegging og rapportering. No skal ordninga evaluerast.
OVERALT: Sokneprest Roar Strømme trur frustrasjonen over byråkratiseringa i Den norske kyrkja er allmenn.
Privat
Sokneprest i Vikøy og Strandebarm, Roar Strømme, har vore prest i over 40 år. Han meiner fleire av dei nye reglane og systema ein har fått i Den norske kyrkja samsvarar dårleg med prestetenesta sin eigenart. Torsdag blei temaet diskutert på eit frukostmøte i regi av Kirkerådet.
– Som prest kan ein ikkje stemple ut og inn på same måte som i mange andre yrke. Det blir gjerne slik at ein brukar tid på å få skjema til å «gå i null», men i praksis gjer eg som eg alltid har gjort, seier Strømme.
Han siktar både til innføringa av arbeidstid i 2016 og prestane sitt plan- og rapporteringsverktøy, TID. Og han er ikkje aleine med frustrasjonen. Mange prestar trekte fram verktøyet som ein byråkratisk tidstjuv i ei undersøking sokneprest Barbro Schmedling utførte blant prestar i Oslo i fjor. Og berre 18 prosent svarar at dei «i stor grad» eller «i nokso stor grad» opplever at prestars nye arbeidsavtale er formålstenleg for prestetenestas eigenart.