Nytt terreng for Knutsen & Ludvigsen
Knutsen & Ludvigsen er kjent for sine fantastiske songar med smart nonsenshumor.
I filmen Knutsen & Ludvigsen og den fæle Rasputin er humoren ofte plump.
Det geniale ved Knutsen & Ludvigsen er at dei klarte å femne både liten og stor med sine fengande melodiar og humoristiske tekstar. Øystein Dolmen og Gustav Lorentzen står bak nokre av dei mest kanoniske norske låtane frå 1970- og 1980-talet, som «Grevling i taket», «Dum og deilig» og «Kanskje kommer Kongen».
Dette er låtar som framleis funkar så det susar, og Knutsen&Ludvigsen appellerer framleis både til vaksne og born. Det er til dømes ikkje lenge sidan eg høyrte ein jentegjeng på Norway Cup skråle dei kjente strofene: «Eg ve te Bergen, ve te Bergen med det samme. Det har eg det så fisken i vannet. Vått og kaldt, og breiflabb overalt.»
Klønete skurk