Ikkje heilt høvding
John Carew prøver seg på ein «Vinnie Jones» og går frå fotballen til filmen. Høvdinger har ein del gode idear, men taper på dårleg dialog og stereotype skildringar.
John Carew spelar hardkokt narkobaron i den
norske gangsterfilmen Høvdinger. Ingen brakdebut, meiner vår meldar.
Filmweb
I utgangspunktet har eg ein god porsjon sympati for lågbudsjettfilmar. Det er ikkje spesielt lett å lage spelefilm i Noreg, og nesten alle prosjekt kostar skjorta. Den norsk-kurdiske regissøren Irasj Asanti er ein av dei som prøver seg, og i første omgang har han og distributøren Europafilm lukkast med å få filmen sett opp på 40 av dei største kinoane i Noreg. Det er ikkje verst.
Interessa har nok blant anna å gjere med John Carews rolle i filmen. Den kjente fotballspelaren spelar rolla som ein russisk narkobaron. Igor er både triggerhappy og glad i å plystre, eit trekk vi kjenner frå klassiske filmar som Scarface (originalen frå 1932) og nyare filmar som Quentin Tarantinos Kill Bill.
LES INTERVJU MED REGISSØREN: Debuterer med Carew som narkobaron
Bestill abonnement her
KJØP