Frelse og fornekting

Martin Scorseses nye spelefilm Silence er eit meisterverk om religiøs tru. Bibelens Jesus Kristus står i sentrum for ei historie som er både tankevekkande, grufull og ulideleg spennande.

I Martin Scorseses spelefilm leitar to jesuittprestar etter sin tidlegare læremeister, fader Ferreira (Liam Neeson). Han drog som misjonær til Japan og er blitt søkk borte – det går rykte om at han er blitt ein fråfallen. Ein av Scorseses beste filmar, meiner vår meldar.
Publisert Sist oppdatert

Han var forakta, forlaten av menneske, ein mann av smerte, kjend med sjukdom, ein dei løyner andletet for. Han var forakta, vi rekna han ikkje for noko. Sanneleg, våre sjukdomar tok han, vår smerte bar han. Vi tenkte: Han er ramma, slegen av Gud og plaga. Men han vart såra for våre brot, knust for våre synder. Straffa låg på han, vi fekk fred, ved hans sår vart vi lækte. (Jes 53,3-5)

Sjeldan har eg sett ein film som får meg til å tenke så mykje på Bibelen. Martin Scorseses filmatisering av den japanske forfattaren Shûsaku Endôs roman Taus himmel (Silence) går til djupet av dei store og vanskelege spørsmåla: Kan ein ivareta si kristne tru ved å fornekte denne? Er det rett å fornedre Jesus for å berge livet til eit anna menneske?

«Du vil gje livet for meg? Sanneleg, sanneleg, eg seier deg: Hanen kjem ikkje til å gala før du har fornekta meg tre gonger,» sa Jesus til læresveinen Simon Peter i Johannesevangeliet. Vi hugsar korleis det gjekk: Peter fornekta eit kvart kjennskap til mannen han hadde følgd i tjukt og tynt. Evangelisten Matteus fortel at han banna og sverja. Så gol hanen, og Peter gjekk ut og gret sårt.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP