Søk i Edens hage

Søk  i  alt  innhold  på VL.no

Lukta av eple

Eit par tastetrykk kan gje oss norske eple nesten året rundt.

BILDER

Edens Hage

  • En serie om hage, natur og ­bærekraft.
  • I DAG: Siri Helle (35) skriv om kvifor norske epler blir så gode i Noreg. Og om kvifor vi ikkje et norske epler heile året. Helle er agronom i økologisk landbruk frå Sogn jordbruks- og hagebruksskule. Ho har
  • skrive bøkene Handle rett (2014) og Skal landet gro att? (2015).
  • Er spesielt oppteken av å 
bygge krinslaup i mat­produksjonen.

Norsk jordbruk produ­serer verdas ­beste mat’ får vi ofte høyre. 
Men ­stemmer det?

Eg trur ikkje brorparten av norsk mat er betre enn brorparten av portugisisk eller meksikansk mat. Men han er vår – og han er god, og det er eit poeng at vi meiner han er best i verda. Det handlar om identitet.

Og så er det eit par unnatak. Dei små tinga eg saknar når eg er utanfor Noreg i lange perioder. Kaviar, sjølvsagt. Smør. Og norske epler.

Sukk. Aller mest norske epler.

Å nærme seg eit eple

Det byrjar med avstandslukta. Den syrlege, friske, som fortel at no er sommaren over, og det er heilt i orden, for hausten kjem med fargane og overfloda. Så er det synet, epla som renn over stilken, liksom krummer seg utover seg sjølve, og berre ventar på å verte ­plukka – den ekte eplelukka. Kjensla av glatt, nytt epleskal, utan trong for voksing.

Så er det nærlukta. Haustens fyrste Aromaeple må stikkast heilt opp i nasa, og lungene må fyllast til brestepunktet med luft før det i heile tatt er tanke på å smake. Og no har eg allereie våre så ­lyrisk at den opplevinga, den skal eg ­spare deg for, kjære lesar. Eventuelt overlate til deg å skildre sjølv.

Kald krig

Sjølvsagt er det noko eige med alle eple når dei er så ferske som dette. Men likevel, ikkje alle eple er som dei norske. For nokre år sidan budde eg hos småbønder sør i Brasil, midt i eit eple-område. I innhaustinga tok alle seg arbeid på eplefelta, og kom heim om kveldane med posar ­fulle – av søte sukkerkuler. ­Milevis unna smakskompleksiteten vi får her i det kalde nord.

Kvifor vert eple så gode i Noreg? Truleg spelar rett og slett kulde ei temmeleg sentral rolle. Ein ting planter har til felles med menneske, er nemleg at motstand som ikkje drep dei gjer dei sterkare. Eit epletre i varme, tørre innlands-Brasil har det temmeleg enkelt. Eit epletre med golfstraumen som einaste kjelde til overleving – om vi flyttar breddegradene til ­Hardanger vestover, hamnar vi fyrst på Grønland og så etterkvart i Alaska – må vere monaleg mykje tøffare for å overleve – for ikkje å snakke om å klare å produsere frukt kvart einaste år.

Å produsere avkom, som frukt jo er, er ei skikkeleg kraftprøve for ein kvar vekst. Ville vekstar som lever på grensa av komfortsona, hoppar gjerne over eit år eller to for å samle nok næring til å klare å formeire seg.

Hardføre sortar

At epletrea klarer det kvart år, er fordi vi har flinke eplebønder – som held seg med flinke eplesortar. Mange av dei kjenner vi: Eldst er ­Gravenstein, dyrka i Noreg ­sidan seint 1700-tal. ­Discovery og Summerred høyres ikkje så norske ut i namnet, men har vore så lenge i landet at dei går glatt gjennom i gavnet. For mange er Prins kongen.

Fabelaktige eple – som likevel berre syner oss ein liten del av kva norske epletre kan gjere. Ingen av dei er nemleg typiske vintereple. Eit vintereple er eit eple som er surt, hardt og ofte ganske så ueteleg når du plukkar det frå treet, men som modnar på lager i løpet av seinhaust og tidleg vinter, og etterkvart smakar – ja, du veit kva eg vil seie.

Slike sortar er til dømes ­Flaskeeple og Torstein. Lagrar ein slike eple rett, til dømes i ein god kjellar, kan dei etast godt utpå våren. Men desse epla er sjeldne å sjå i så vel eplehagar som butikkhyller. Kvifor det?

Svaret er i tollen

Kvifor har vi ikkje norske eple heile året? Forklaringa er i utgangspunktet enkel: Ho heiter tollvern. ­Norske epler kan ikkje konkurrere i pris med tropiske. Difor har vi toll på import av eple i det som vert kalla sesongen: 1. mai sprett import­prisen på epler opp, ein stad ­mellom 4,11 og 4,83 kroner per kilo. Summen er i seg temmeleg låg, og det er årsaka til at utanlandske eple framleis kan vere billegare enn norske sjølv no, midt i sesongen. Men det er mykje betre 
enn ingenting. Tollen held seg på høgt nivå fram til 30. november. 
Så fort fyrste luke i advents­kalenderen fyk opp, raser epletollen ned – til null.

Då er det nemleg ifylgje toll­tariffen slutt på den norske eplesesongen, og altså ikkje naudsynt å verne den norske produksjonen lenger. C-vitaminsjuke nord-

menn vil ha sprø, ferske eple heile året, og det får vi ved å opne for import, ikkje minst frå den delen av verda som har sumar når vi har vinter.

Den obligatoriske slange

Kanskje har tolltariffen litt rett i det 
der med kva eple vi vil ha. Men nett den delen av årsaksforklaringa er litt som slangen i eple­hagen – ein slange som bit seg sjølv i halen. For korleis veit vi at det er sprø, ­grøne argentinske eple vi vil ha når vi ikkje får tak i noko anna? Kor sprø kunne eplesorten ­Torstein vorte etter å ha lagt i ro på lager heilt til juletreet er avnåla? Kor glad ­kunne Torbjørg vorte når ho fann han i fruktdisken? ­Kunne ho ha sett pris på kvalitetane Torstein har som Granny Smith ikkje tilbyr?

Vi venner oss til at di glattare og meir perfekt eplet er, di betre er det – og di vanskelegare vert det å selje lagringseple med andre kvalitetar. Lat meg difor avslutte med eit lite inside-tips frå eple­verda: Ingen kjenner god eplesmak ­betre enn insekta. Det er difor god sjans for at det aller beste eplet er det med eit ­insektbet eller to.

ANNONSE

;