Utval vil fjerne ordet trusopplæring: – Eit pussig val, meiner forskar
DEN NORSKE KYRKJA: I ein fersk rapport foreslår eit utval å døype om trusopplæringa til Den norske kyrkja. Forskar meiner det er fleire problem med forslaget.
KOMMUNIKASJON: Elisabeth Tveito Johnsen meiner ordet trusopplæring har kommunisert godt både internt og eksternt. Ho meiner det er synd at det nye namneforslaget ikkje kan brukast av andre enn kristne kyrkjer.
Tuva Skare
– Eg synest det er eit pussig val når ein har brukt 20 år på å etablere trusopplæring som omgrep. Når det blei innført var det som ein del av nylanseringa av det som då heitte dåpsopplæring, seier Elisabeth Tveito Johnsen.
Ho er fyrsteamanuensis ved Det teologisk fakultet ved Universitetet i Oslo (TF), og har skrive doktorgrad om trusopplæring.
Forslaget til å endre namnet på trusopplæring til «kyrkjeleg undervisning og læring» kjem i ein heilt fersk rapport som er laga av eit utval på mandat frå Kyrkjerådet.