Kyrkjas IKT-leverandør legg seg flat – men tek ikkje heile ansvaret
TILRETTELEGGING: Den norske kyrkja sin eigen IKT-leverandør fortel om manglande forståing for at det krev ekstra ressursar å leggje til rette for arbeidstakarar som den blinde presten Kjersti Langås Hvalen.
TILRETTELEGGING: Kjersti Langås Hvalen har fortalt om ulike digitale hindringar ho møter i jobben som prest fordi ho er blind. Ein av hjelpemidla ho har på kontoret sitt er ein skannar som hjelper henne å lese papirdokument.
Erlend Berge
– Også me i Kirkepartner har ein veg å gå, og for det legg eg meg flat. Men me kan ikkje ta på oss heile ansvaret, seier Inge Mauseth, dagleg leiar for Kirkepartner.
Selskapet er Den norske kyrkja sin eigen leverandør av IKT-tenester.
Mauseth svarer på kritikken som kom frå Kjersti Langås Hvalen måndag. Ho møter digitale hinder for å gjera jobben sin som prest fordi ho er blind.